| Den store dagen for Kongeleg
Heider og Ære
Laurdag den 06. september, det Herrens Aar
2003, var det ein stor dag for Nordhordland Veteranbåtlag.
Etter søknad frå ”gjeve menn og kvinne” hadde H.M. Kongen tildelt Kongens
Fortenstmedalje til dei 2. føregongsmennene i veteranbåtlaget,
nemleg formannen Tor J. Bjørgaas og prosjektleiaren Vidar Lehmann, i h.h.v.
sølv og gull.
Fylkesmann Svein Alsaker hadde fastsett at tildelinga skulle skje på
Shetland Larsens Brygge denne dato.
Ca Kl. 1000 ankom D/S OSTER til kaien, og frå lydanlegget vart dei helsa med
”Dar kjem dampen”
Været var vakker ( Ja, Gud Velsigne Vårherre) og ein god del folk var samla
på bryggekanten, både innbedne og folk frå ålmugestanden.
Maskinsjef Bjørgaas kom i land i uniform, han var rein og pen i tøyet, noko
han ikkje er når han driv dampmaskin.
Karstein Stene var sermonimeistar og skulle
leia denne veitsla.
Kl. 11:00 ynskje Karstein dei frammøtte hjarteleg velkomen, spesielt
fylkesmann og dei andre offentlege personane.
Karstein gav så ordet til fylkesmannen, som m.a. sa.:
”kor viktig det var å ta vare på denne sida
av kystkulturen, dei gamle båtane er ein bindelekk mellom fortid, notid og
framtid.
D/S Oster gjev oss alle eit stevnemøte med fortida, og han mintes det
mangfaldet av lokalbåtar som var på Vågen i fortida og med eit yrande
folkeliv.
Vi minnes barndomsreisene, der reisa gjekk sakte og sikkert og då båtreisene
var ein viktig sosial møteplass.
Fylkesmannen gav eit godt attersyn på det store arbeid som var lagt
ned i D/S Oster, med 19.000 dugnadstimar og velbrukte Kr 5.500.000.-
til båtens beste.
Han såg fram til ”Gamle Dampen” si ferdiggjering om nokre år.
Så var det helsingar frå Hordaland Fylkeskommune v/fylkesvaraordførar
Torill Selsvoll Nyborg, frå Lindås Kommune ved ordførar Odd Tøsdal,som
overrakte fine blomevasar i krystall til Vidar, Tor og Karstein, som
hadde Kongens Fortjenstmedalje frå før, Radøy Kommune ved ordførar Olav
Steinar Namtvedt, som overrakte ein sjekk på Kr 15.000,- frå Nordhordland
Regionråd.
Varaordførar i Bergen, Terje Ohnstad helsa frå Bergen Kommune og overrakte
blomster til jubilantane.
Admiral ® Torolf Rein helsa frå Martime Bergen, Jon Brattebø frå Statoil
Mongstad AS,
Nesje helsa frå Haukeland Sykehus/Universitetet i Bergen
Laila Andresen hadde helsing med frå Norsk Veteranbåtforening, Oddvar
Vigestad helsa frå Bergen Nordhordland Rutelag AS, og gav beskjed om at
fløyta no var D/S Oster sin eigedom så lenge den var på båten.
Etter det så fløyta kaptein Atle Haukøy til ære for BNR AS
Karstein hadde i oppdrag å overrekka ein
sjekk Kr 50.000,- som delarv etter 3.søstre frå Storbotn i Bjørsvik,
saman med eit vakkert dikt av arvingane.
Diktet er sett opp i D/S
Oster
Kontrèadmiral ® Egil J. Eikanger avslutta talerekka, til orientering har han
vore ein ganske stor del av førebuinga til denne dag og hending.
Navy Vocalis, våre gode songvener frå Haakonsvern,
framførte den nye visa om D/S Oster,
etter tekst av Vidar Lehmann og tone av Ove Jan Paulsen. Dette var premieren.
Koret framførte fleire gode songar.
Karstein takka alle som var møtt fram denne
dagen.
Etterpå var det omvisning på båten, først dei inviterte, så ålmugestanden.
Jørgen Stene var ansvarleg for god lyd,
hans medhjelpar var Hans-Olav Molde.
Me kan berra slutta i kjent skulestilversjon.:
”Og alle var samde om at det hadde vore
ein gild dag”
Etterpå gjekk D/S Oster frå kai for privat
tur til Osterfjorden.
"Sett baugen mot framtida" seier fylkesmannen
 |
Navy Vocalis med premiere på den nye
Ostersongen av Vidar Lehmann.
 |
| |
|
Ordførar Olav Steinar Namtvedt kom med sjekk
på Kr. 15.000.- frå Nordhordland Regionråd.
 |
Sjeftriso Ragnhild Bjørgaas med fanget fullt av blomar.

|
|