|
|
31.10.02
|
Laurdag den 9. og sundag den 10.
november er det familiedag på Sjøfartsmuseet i Bergen. NHVL stiller med
salgsapparatet og det blir også premiere på Munch Lund sin andre OSTER-film.
Opningstid frå 10 - 16. NHVL har teke på seg å halda musikk
begge dagane, Otto Aksnes speler på keyboard på laurdagen og Helge Korneliussen spelar på trekkspel sundagen.
|
26.06.02
26.06.02
|
Bilder
frå arbeidet i Norheimsund
(19-20.06.02)
|
18.06.02
|
Arbeidet i Norheimsund går
framover og panelingane i kapt.lugaren,
salonghuset, damesalongen og postlugaren er på plass. Vinduskarmane i desse roma er under montering og dørene vil koma etterpå. Det er triveleg å koma ombord på OSTER, då det første folk legg merke til er den romslege plassen rundt den nye lasteluka. Pensjonistane Roald Kaland og Odd Lillejord held på med tilpassing og montering av teak-topprekka rundt brua. Teaken er eit hardt materiale å arbeida med, men pensjonistane våre står på og resultatet blir framifrå fint. Med helga var det trebåtfestival i Norheimsund og til trass for mykje regn var publikumsoppslutninga god. Ombord på OSTER var salgsapparatet på plass med Vigdis, Hjørdis og Ragnhild pluss fleire medhjelparar. Mange kom ombord og dei som ønskte det fekk omvisning med guide. Fleire dugnadsfolk var ombord og laget sin elektrikar, Norman, hadde hendene fulle både med nyinnstallasjon og reparasjon av eksisterande utstyr. Det er avtala at OSTER skal vera
ferdig i begynnelsen av juli og turen går Programmet vidare ser slik ut: Skipskontrollen har svart
positivt på at OSTER kan ta med passasjerar den Mange vil få anledning til å
sjå OSTER i fart og kunne koma ombord og sjå Eg ønskjer alle ein fin sommar ! med helsing |
25.04.02
22.04.02
04.01.02
|
Markering av
delmål.
(04.01.02)
Som kjendt ligger D/S Oster ved Mastrevik Mek. Verkstad AS for utvendige restaureringsarbeider. |