| Referat
frå årsmøte 2002 i Nordhordland Veteranbåtlag
Møtet
vart halde på Ostereidet skule 16. mars 2002 kl. 1400.
Det var 42 frammøtte.
Pkt.
1,2,3.
Innkallinga vart godkjend.
Jostein Sørensen vart vald til ordstyrar, Vidar Lehmann til referent,
og Viggo Nonås og
Jens Kåre Fløholm til å attestera referatet. Saklista vart godkjend,
referatet fylgjer denne.
Pkt.4,5.
Årsmelding vart opplesen av leiaren. Han gjorde det klårt at kasserar
og sekretær ikkje har vore valde styremedlemer, og orsaka styret for
at formuleringa i årsmeldinga i så måte ikkje var heilt eintydig.
Ein drøfta abonnementet på Dampskipsposten. Styret vil drøfta opplegget
vidare med dei andre eigarane, men halda oppe abonnementet. Eit arbeid
innan dokumentasjon som og vert av stor verdi når innreiinga med det
første startar er intervjumaterialet som Hans Kristian Bukholm har samla.
Rekneskapen vart opplesen av leiaren med kasseraren ved sida. Prosjektleiaren
kunne på spørsmål frå salen opplysa at frå arbeidet med D/S OSTER starta
i 1996 og til nå har ca.17 % av inntektene kome frå offentlege løyvingar,
ca. 33% frå lagsarbeid og ca. 50 % i form av tilskot frå private, fonds
og firma/organisasjonar. Lagsarbeidet sin andel har vore aukande dei
siste par åra. Til nå er frå desse midlane tilsaman investert godt og
vel 4 millionar kroner. I tillegg kjem så gratis leveransar av varer
og tenester, og hertil verdien av dugnadsinnsats, dokumentasjon og anna
prosjektarbeid.
Det vart frå salen nemnt at det ville vera ein føremon om ein ved årskiftet
talde opp og tok med i rekneskapet innkjøpsverdien av lageret av salsartiklar.
På den måten kunne ein få eit klårare bilete av tilhøvet mellom kjøp
og sal frå år til år. Lagsgruppa vil vera merksam på dette. Med desse
merknader vart årsmelding og rekneskap godkjende.
Pkt.6.
Alle val vart gjorde med akklamasjon og i samsvar med valstyret si innstilling.
Tor J. Bjørgaas vart attvald som leiar. Odd Lillejord og Vidar Lehmann
sto på val og vart attvalde som medlemer. Dagfinn Hopland og Roald Moldekleiv
vart attvalde som varamedlemer. Ragnar Berg-Hansen vart vald som nytt
varamedlem etter Normann Eikanger, som går ut. At tre varamedlemer vart
valde denne gongen skuldast tilpasningar i høve til førre årsmøte. Revisorane
Jens Kåre Fløholm og Jan Skår vart attvalde, likeins valstyret, med
Kåre Bjørge, Magne Hellan og Finn Guldbrandsøy.
Pkt.7
Medlemspengane for vanlege medlemer vart fastsette til kr. 250 pr.år
frå og med år 2003. For andre medlemer skal satsane vera uendra.
Pkt.8
Etter drøfting gav årsmøtet etter framlegg frå Vidar Lehmann tilslutning
til at målet nå vil vera at D/S Oster skal oppnå avgrensa passasjersertifikat
sumaren 2003. Dette vil innebera at dei planlagde innreiingsarbeida
ved Norheimsund Fartøyvernsenter vert fullførde, og at innkjøp og montering
av sikkerheitsutstyr og andre pålegg frå skipskontrollen vert gjennom-
førde.
Dei naudsynte innreiingsarbeida på hovuddekk og baåtdekk vil kosta rundt
kr. 800.000. Hovuddelen av dei tekniske arbeida utover det som er under
utføring ved Mastrevik Mek reknar ein med at kan gjerast på dugnad eller
som gratistenester. Sikkerheitsutstyret reknar ein og med at for ein
del kan leverast gratis. Difor er det ikkje mogeleg å berekna totalkonstnaden
på førehand. Flåtane åleine vil truleg kosta rundt kr. 150.000.
Ostereidet
/Bergen, mars 2002
Vidar
Lehmann (ref)
Attestert.:
Jens Kåre Fløholm Viggo Nonås
(sign.) (sign)
|