|
|

|
NHVL har 19 æresmedlem. Årsmøtet i 1998 utnemnde 3, årsmøtet i 2000 utnemnde 3, årsmøtet i 2001 utnemnde 1, årsmøtet i 2004 utnemnde 3, årsmøtet 2005 utnemnde 2 æresmedlem, årsmøtet i 2007 utnemnde 4 æresmedlem og årsmøtet i 2008 utnemnde 3 æresmedlem
Me vil her presentere
dei alle, og ikkje minst fortelje kvifor dei er æresmedlemer i
NHVL.
|
| Leif H.
Askeland
Han
innsåg tidleg at Fjordabåtens æra snart var omme, og tok difor ei
rundreise med D/S "OSTER" jonsokafta i 1960 for
å filme miljøet, kaiane og båten. Denne fargefilmen har vore av uvurderleg
betydning i dokumentasjonsarbeidet for restaureringa av D/S "OSTER",
ved at den gjev opplysningar som ikkje er beskreve på andre måtar.
Leif H. Askeland vart utnemnd til æresmedlem i 1998. Leif H. Askeland døydde i 2009 |
![]() |
|
| |
| Ivar
Medaas Ivar
Medaas døydde 7. januar 2005 |
|
| Wilhelm
Waage
Han er tidlegare avdelingssjef hjå Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Han har vore svært opptatt av historikken og betydninga av ruteferdsla på Vestlandet heilt sidan 1946. Han engasjerte seg aktivt i "OSTER-Komiteen" i 1964 med forsøket på å bevare D/S "OSTER" som eit levande kulturminne. Med i denne komiteen var og døveprest Ragnvald Hammer (som laga teksten til "Dar kjem dampen"), fung. styreformann i INDL Magnus Eikanger og "OSTER" sin siste kaptein Magnus Haaland. Sjølv om bevaringsforsøket mislukkast i 1964, var dette eit av dei fyrste fartøyvernprosjekta i landet. Før den tid var fartøyvern eit ukjend begrep i Norge. Wilhelm
Waage vart utnemnd til æresmedlem i 1998.
Wilhelm Waage Død 2003 |
|
| Alvin
Bernes
Alvin byrja i INDL i 1948 som matros på D/S "OSTER" og sto ombord like til 1960. Han har seinare vore matros ombord i M/S "Bruvik", M/F "Oster", M/S "Manger" og M/S "Lygra" til han gjekk av med pensjon i 1988. Han
har bidratt med svært verdifull informasjon om livet og miljøet ombord
i fjordabåtane, og detaljar frå "OSTER" spesiellt. Han jobbar
aktivt i restaureringsarbeidet ombord i "OSTER" gjennom
ivrig innsats i dugnadsgjengen.
Det
er utruleg å tenkja på at Alvin byrja sitt arbeid ombord i ein kolafyrd
dampbåt, segla seinare på bilferjer og moderne hurtigbåtar, og i pensjonisttilværelsen
er med å restaurere dampbåten att.
Utnemnd
til æresmedlem i 2000. |
![]() |
|
Alfred
Dyrkolbotn Alfred Dyrkolbotn døydde i 2002 |
![]() |
| Maria
Tepstad
Byrja i INDL som "trisa" ombord i D/S "OSTER", og var ombord der i åra 1934 til 1939. Ho var trise ombord i M/S "Hosanger I" og D/S "Hamre" frå 1939 til 1946. Ho har bidratt med
verdifulle informasjonar om livet og miljøet ombord i fjordabåtane,
og detaljar frå "Oster" spesiellt.
Utnemnd til æresmedlem
i 2000.
Maria Tepstad
Død 2003
|
![]() |
Jan
Strand (Skipsingeniør/maskinist)
Ut frå at styret har sett umåteleg pris på den ueigennyttige innsats som Jan Strand har gjort for NHVL, hans energiske innsats m.o.t. teiknings- og berekningsarbeidet som måtte til for at planane våre for OSTER prosjektet kunne verta godkjent av Sjøfartsdirektoratet, i tillegg følgde han framdrifta på restaureringsarbeidet og når noko floka seg, var han budd til å løysa flokane. Difor utnemnde årsmøtet 24. mars 2001 Jan Strand som æresmedlem i laget. Jan
Strand
Død
2003
|
![]() |
Dagfinn
Hopland, Dagfinn
Hopland for den lojale og trygge måten han har utført kapteinsoppgåva
på, frå overtaking 8. mars 1996 og fram til hausten 2002. Utnemnd til æresmedlem 27. mars 2004 |
![]() |
Kåre
Taule, Kåre
Taule har gjennom fleire år gjort store og viktige gratistenester
for prosjektet vårt. Det kan nemnast.: På Torgdagen i Bergen 12. juni 2004 vart Kåre Taule tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv. Denne fekk han for sitt gode arbeid med veteranbåtar i Bergen. Utnemnd til æresmedlem 27. mars 2004 |
![]() |
Servatius
Johannes Strik, Strik
har vore, og er framleis, ein av nøkkelpersonane når
det gjeld å skaffa viktig utstyr, anten gjevandes eller levert
til ”spottpris”. Komplett oljefyringsanlegg, lysmaskin,
ventilasjonslyrer, byssekomfyr, 32. stk 9” lysventilar. Alt
dette kjem opprinneleg frå den engelske marinen. Utnemnd til æresmedlem 27. mars 2004 |
![]() |
|
|
|
Erik
Småland, Erik Småland er til dagleg direktør ved Museumssenteret i Salhus. Erik har ein formidabel innsats bak seg m.o.t. vern av kystkulturen. Han har vore aktiv i veteranbåtlaget sidan førstninga av 1990 talet, då det vart gjort forsøk på å restaurera D/S Alversund. Han var i fremste rekkje når det gjaldt heimkjøp av M/S Vaka (ex D/S Oster), for å bringa denne båten attende til D/S Oster. Han har heile tida leia dokumentasjonsgruppa. Det er p.g.a. Erik Småland sine store kunnskaper om korleis D/S Oster var, i si tid, som har ført til at båten nå er restaurert til orginalen og med Riksantikvarens godkjenning. NHVL har hausta fagnad frå Riksantikvaren for Småland sitt arbeid. Det er ikkje få timar han har arbeidd med å finna tidlegare orginalspor etter opphavet, utarbeiding av løysingar, alt lagt inn i systematiske arkiver, følgt båtens framdrift under restaureringa, utført teikningar av innreiing og møblering, i tillegg til styreposisjon i NHVL heile tida. Ein kan trygt rekna Erik sitt arbeid til eit par årsverk i arbeidstid. Alt sitt arbeid har Erik utført som dugnadsarbeid! Det er tvilsamt om nokon her til lands kan måla seg med Småland når det gjeld kunnskap om restaurering av båtar liknande D/S Oster Utnemnd til æresmedlem 12. mars 2005 |
![]() |
Odd Lillejord, Odd kom som eit frisk pust inn i dugnadsarbeidet med D/S Oster under restaureringa som då pågjekk i Bjørsvik, Lindås. Han gav straks beskjed ” Eg kan arbeida heile veko på båten for eg er pensjonist” Dette var ikkje tomme ord, han har i alle åra deretter synt å leva som han talar. Odd si kontaktflate gjorde også sitt til at hans motiverande energi fekk kjenningar med seg på restaureringsarbeida, dette var fagfolk, av ymse slag, og som var valde på øverste hylle. Det må nemnast at han, forutan arbeid i Bjørsvik, var dugnadsmann framfor nokon når skorsteinen var bygd, under arbeid hjå A. Andersen & Sønner AS i Dåfjorden, demontering av oljefyringsanlegget i Holland, reparasjon av dampkjelen i Haakonsvern. Han gjorde sitt til gangs for at D/S Oster skulle koma til Bergen under Norsteam 2000. Han sto også på under arbeid ved Mastrevik Mek. Industrier AS Han arbeider dugnad under sitt motto.: ”Også vi, når det vil kreves” (Han syng gjerne denne strofen)! Odd Lillejord har arbeidd som matros og altmulegmann om bord i D/S Oster. Han har også motivert kona si, Hjørdis, til å vera trise om bord, samt at ho er laget`s kasserar. Utnemnd til æresmedlem 12. mars 2005 |
![]() |
|
|
|
Hans Brandtun, For den store innsatsen han har lagt ned i det elektriske installasjonsarbeidet ombord på D/S OSTER. Alt dette har han gjort vederlagsfritt og årsmøtet i Nordhordland Veteranbåtlag vil visa takksemd for denne generøsiteten, ved å utnemna Hans Brandtun til æresmedlem. Utnemnd til æresmedlem 24. mars 2007 |
![]() |
Roald Kaland, For den store innsatsen han har lagt ned som tømmermann om bord på D/S OSTER. Utnemnd til æresmedlem 24. mars 2007 |
![]() |
Ekteparet Bjørg og Arnt Otto Veland, Dei har vist seg å vera to sanne OSTER-vener. Dei har saman støtta opp om OSTER-prosjektet på ein eineståande måte og har stått til teneste når det har vore noko dei har kunna hjelpa til med. Mykje nyttig utstyr har dei også skaffa til D/S OSTER. Dei har utført utallige transportoppdrag, med å henta varer eller transportere personell. Arnt Otto deltok også aktivt i restaureringsarbeidet, då båten vart tilbakeført til dampbåt i Dåfjorden. Han var vekependlar til Sunnhordland i denne tida. |
|
Vidar Lehmann, for hans store engasjement i OSTER-prosjektet. Han har pleia sponsorkontakten på ein slik måte at Oster-prosjektet har blitt tilgodesett med støtte, slik at prosjektet let seg gjennomføra på rekordtid. Utnemnd til æresmedlem 29. mars 2008 |
![]() |
Karstein Stene, for den store interessa for Osterprosjektet. Styret innstiller Karstein Stene som kandidat til å bli æresmedlem i NHVL. Utnemnd
til æresmedlem 29. mars 2008 |
![]() |
Tor Johannes Bjørgaas, Tor J. Bjørgaas har hatt eit godt auge for D/S OSTER sidan båten gjekk ut av samferdsla i 1963. Då D/S ALVERSUND viste seg ikkje å kunne restaurerast, fekk Tor høyra at M/S VAKA (Ex Gamle Dampen) var til sals. Heimkjøpet av denne vart gjort, og markert ved Shetlands Larsens Brygge 08. Mars 1996. Så tok restaureringsarbeidet til. |
|
Magne Angelskår, Magne Angelskår har gjort teneste som skippar, styrmann og altmuligmann ombord på Oster frå sommaren 2002. Utnemnd til æresmedlem 28. mars 2009 |
![]() |
Foto av W. Waage og L.
Askeland: Hans K. Bukholm |
|