A/S FERJETRAFIKK 1936-67Tekst Viggo Nonås©2000
Selskapet
A/S Ferjetrafikk gav i 1961 ut eit jubileumsskrift skriven av Lars
Kolås.
|
| Alversund
og Manger D/S
Lindås og Masfjordens D/S Indre Nordhordlands D/S Åsane Automobillag Lindås Herad Hamre Herad Sæbø Herad Alversund Herad Norges Automobilforbund Kongelig Norsk Automobilklub |
20%
20% 20% 20% 6% 2% 2% 2% 4% 4% |
Selskapet bestemte seg for å leige inn M/S ”RUBBY” i ruta. Skipet var eigd av Ivar Dingen i Bergen, båten var 60 ft lang og 17,3 ft breid. Båten hadde ein Avansemotor som gav ein fart på 7 knop. Plass til 3-4 bilar på tvers av dekket. Leiga var kr. 200 for veka
7.
juli 1936 vart ferjeruta Steinstø-Isdalstø opna med stor festivitas.
Trafikken på ruta auka jamt og trutt, og var langt over forventninga
til selskapet. Selskapet såg seg difor nøydd til å leige inn M/S
”KVIKK
IV” frå 18. juli til 1
september 1936. Eigar av båten var
Svein Wilhelmsen, som hadde selt alt han eigde og flytta til Steinestø,
for å drive ruta.
Årsmeldinga
frå 1936 viste eit underskot på 1.380,-, og dette vart dekka av
Statens Vegvesen.
23.
januar 1938 vart ”KVIKK IV” pårend av D/S ”HERLØFJORD”, og båten
måtte på verkstad i 45 dagar. I mellomtida gjekk leigebåten M/K ”VÅGEN”
i ruta. Frå 14. april 1938 vart M/K ”JONDAL” også leigd inn i
samtrafikk med ”KVIKK IV”.
På
generalforsamlinga 30. mars 1938 vart det vedteke å skrive kontrakt med
Svein Wilhelmsen om leige av ei spesialbygd bilferje, som han planla å
byggje. Den skulle ha plass til 8-10 bilar og 100 passasjerar. Selskapet
vona at denne ferja ville kunne ta unna all trafikk i dei næraste åra
på ruta.
27.
mai 1939 gjekk den nybygde ”TOREFJELL”
inn i ruta. Vegstellet hadde bygd nye ferjeleier både i Steinestø og
Isdalstø til nyeferja. Ferja stetta alle krav om korleis ei bilferje
skulle vere, enkel ombord og ilandkjøring, gode
passasjerbekvemmelighetar osb. Ferja var også ei nyvinning i og med at
maskincasinga vart flytta heilt ut i borde. Det var sonen til Svein,
Vilhelm, som hadde kome på dette. Ferja var også så stor at rutebilar
og lastebilar kunne køyre ombord. Dette gjorde det slik at last- og
passasjertrafikket mellom Nortdhordland og Bergenshalvøya vart mykje
lettare.
Styret
jobba samstundes med å få i gang ei ferjestrekning
Alverstraumen-Alversund, men 18. september var saka utsett, og kom sidan
aldri opp att.
Den
14. april 1940 vart båten rekvirert av den norske marinen, og sendt til
Balestrand som mineleggingsfartøy. 5 mai vart båten frigitt, og gjekk
til Bergen att. I mellomtida hadde Wilhelmsen for eiga rekning gått i
ruta med ”KVIKK IV”.
23.
mai vart ”TOREFJELL” sett inn at i ruta, men fekk ikkje gå så
lenge, for i 5. mars 1941 vart ferja tatt av tyskarane, og kom ikkje
attende før 23. juli 1945.
Resten
av krigen var tunge for selskapet. Stadig vart skipet rekvirert til
mindre turar for statsmakta, og kampen om brensel for ferja var tung.
Underskotet auka jamt og trutt, og
1.
januar 1945 gav selskapet opp, men fekk istand ein avtale med Svein
Wilhelmsen om at han overtok ruta for eigen rekning mot eit fast
statstilskot. Denne ordninga varete frå 5. mars til 31. oktober, då
overtok A/S Ferjetrafikk
ruta att, og leigde på nytt ”KVIKK IV”.
Den
23. juli overtok Svein Wilhelmsen ”TOREFJELL” att. Ferja var
imidlertidig så pass nedsliten og skada, taksten på skadane var på
heile 58.041 kroner. Difor vart ”KVIKK IV” gåande i ruta heilt
til 1. juni 1946, då vart ”TOREFJELL” leigd inn att i ruta.
I
1949 vart den nybygde
”VALESTRAND”
leigd inn som suppleringsbåt frå 10. mai til 11. september.
”VALESTRAND” skulle inn i ruta Valestrandsfossen-Breistein, men
ferjeleia der var ikkje klare, så ferja låg i opplag på Valestrand i
påvente av kaiar.
I
1950 var det to ruter, nemleg Steinestø-Alverstraumen og Steinestø-Frekhaug-Isdalstø.Rutene
vart utført av same ferje.
I
1953 hadde ”BJØRN WEST” eit verkstadsopphald på 1 månad, då
vikarierte ”TOREFJELL” tre veker, og ”VATNA” ei veke.
I
tida 28. januar til 13 april 1954 vart ”BJØRN WEST” ombygd, der ein
fekk auka bilkapasiteten frå 15 til 19.
Brudekket vart også letta opp, og ferja fekk gjennomkøyring.

Ferjekaien
i Salhus hadde no vore under bygging ei stund. Den 1. juni 1954 vart
ferjekaien offisielt opna, og dette medførte ”rutebrigde”.
Frå
10. mai vart det leigd inn eit nytt skip frå Wilhelmsen, nemleg M/F
”LEIF I”. Denne tok 7 bilar og 38 passasjerar. Denne vart sett
inn i ruta Salhus-Frekhaug-Alverstraumen.
I
1961 kom det ny ferje i sambandet Steinestø-Knarvik. Nok ein gong vart
denne innleigd frå Wilhelmsen. Det var nybygget M/F
”BUKKEN
BRUSE”
som
vart sett inn.
Frå
1. januar 1967 overtok Bergen-Nordhordland Trafikklag konsesjonen på
rutene Salhus-Frekhaug-Flatøy og Steinestø-Knarvik. BNT eigde då 40%
av selskapet.
Selskapet
A/S Ferjetrafikk vart avvikla i 1967.
Kjelder:
Eigne
notat
Kolås
Lars: A/S Ferjetrafikk 25 år, 1936-1961
Alsaker
Per: Muntlege kjelder samt tekniske data
Småland
Erik: Artikkel om ”Torefjell”, Fartøyvern nr. 3/99.
Alsaker
Per: Fartøysdata og montleg hjelp.
BNT:
Diverse årsmeldingar