Like sidan mellomalderen
har Salhus vore eit viktig knutepunkt for reisande mellom Bergen og Nordhordland.
Her var det frå kong Øystein Magnusson (1103-23) si tid eit
sáluhus (herberge), som gav namn til staden. Heile seks fjordar
og sund munnar ut i Salhusfjorden, og her vaks det tidleg fram ein strandstad
med gjestgjevari, handverk og handel. Med etableringa av Salhus Tricotagefabrik
i 1859 vart Salhus også ein av dei første industristadene
i Hordaland. Fram til området vart overført til Åsane
i 1914 var Salhus den største bygda i Hamre.
Som stor industristad vart
Salhus tidleg ein viktig
anløpsstad for fjordabåtane. Etter
avgang frå Bergen gjekk alle nordhordlandsbåtane oppom Salhus
før dei spreidde seg ut i vifteform inn gjennom alle fjordar og
sund.
Ferjesambandet
I 1930 la Kommunikationskomiteen
for Bergen fram ein plan for å etablere ferje- og bilruter til Nordhordland.
Fylkesmannen si utgreiing frå 1924 om ei ferjerute direkte frå
Bergen til Nordhordland vart no vurdert som lite tidsmessig, og det vart
argumentert for eit vegsamband gjennom Åsane til Salhus eller Steinestø
og bilferje over til Isdalstø på Lindåshalvøya.
Hordaland hadde på denne tida mange vegar men få vegsamband.
Ei storstilt ubygging av riksvegar, fylkesvegar og ferjestrekk skulle binde
dei mange vegstubbane saman til eit vegnett, der landtransport skulle avløyse
sjøvegen. Den nye samferdslepolitikken vart gjennomført under
mottoet “Frå sjø til land”.
I 1934 vart det arbeidd vidare
med planen om eit ferjesamband nordover frå Åsane. Ei ferje
med utgangpukt i Salhus ville få eit godt trafikkgrunnlag av passasjerar
og last i tillegg til bilar.
Nemnda rådde til at det vart oppretta
eit ferjesamband frå Salhus til Isdalstø, men det synte seg
uråd å finne høveleg plass til eit ferjeleie i den tronge
hamna i Salhus. Ein gjekk difor over til alternativet Steinestø-Isdalstø,
der drifta kom i gong 7. juli 1936 i regi av det nyskipa selskapet A/S
Ferjetrafikk.
Aasane Automobillag (frå
1954 Åsane Billag) såg også potensialet i eit samband
nordover frå Salhus. I 1939 skipa billaget eit dotterselskap på
Frekhaugsida, Holsenøy Billag, som også stod for drifta av
ei personferje mellom Salhus og Frekhaug i korrespondanse med bilrutene
til Salhus. Denne første ferjeruta over Salhus-fjorden vart innstilt
då krigen kom.
Salhus ferjekai
Steinestø vart hovudsambandet
nordover, men det var framleis bruk for eit samband over Salhusfjorden.
I 1954 tok ein til å sprengje bort den store haugen inst i hamna
og fekk soleis plass til ein ferjelem ved sjøhusa der. Ferjedrifta
på strekninga Salhus – Frekhaug -Alverstraumen kunne så ta
til 1. juni same år med M/F “Torefjell”. Få år seinare
var heile den store haugen i Salhus bortsprengd. Steinen vart nytta til
ny veg frå Tellevikvegen ned til kaiområdet, der heile plassen
no vart asfaltert og merka som oppstillingsplass for bilar. Heile plassen
på Salhustorget er difor eit resultat av ferjedrifta. Også i Salhus var det
A/S Ferjetrafikk som fekk konsesjonen for ferjedrifta. Bak dette selskapet
stod m.a. dei tre lokale dampskipsselskapa, kommunar på begge sider
av fjorden samt Åsane Billag. Ferjene vart leigde inn frå Brødrene
Wilhelmsens Skipsrederi. Frå 1. januar 1967 overtok Bergen Nordhordland
Trafikklag (BNT) ferjekonsesjonen både på Salhus og Steinestø.
BNT og Indre Nordhordland Dampbåtlag (INDL) gjekk i 1974 saman og
danna Bergen Nordhordland Rutelag (BNR), som stod for drifta til sambandet
over Salhusfjorden vart lagd ned i 1982.
Ferjekaien i Salhus er typisk
for si tid. Ferjelemmen med dekke av tre heng mellom to betongtårn.
I tårna er det taljer for vaieren som hevar og senkar lemmen. På
vestsida av lemmen står eit lite maskinhus med ein elektrisk vinsj.
Her står det også ein stang frå den tida lemmen var fjernstyrt.
Ein kontrollboks i enden av stanga kunne nåast frå ferja, slik
at lemmen kunne styrast frå ferjedekket. Seinare fekk dei også
radiostyring, som er standard i dag.
Ferjekaien i Salhus er markant
fargesett med turiks og raudbrunt. Desse fargane vart valgt ut av biletkunstnaren
Lise Landmark von Krogh og vart nytta på alle vegvesenet sine kaikonstruksjonar
i Hordaland frå 1960-talet av. Ferjesambandet frå
Salhus vart aldri noko gjennomgangssamband slik planane frå 1930-talet
rådde til. Steinestø-Knarvik vart tidleg hovud-sambandet frå
Bergen og nordover. Medan ferjekaiane på Steinestø og i Knarvik
stadig vart ombygde og utvida for å ta unna trafikken, var anlegget
i Salhus i hovudsak uendra gjennom heile perioden. Etter at Alversundbrua
stod ferdig i 1958 vart Alverstraumen teken ut or ruta. Sambandet over
Salhusfjorden vart då eit lokalt samband til Holsenøy og Flatøy.
Etter at brua over Krossnessundet batt saman Holsenøy og Flatøy
i 1977 gjekk ferja berre til Frekhaug på Holsenøy.
Då brua over Hagelsundet
stod ferdig i 1982 vart Salhus ferjekai lagt ned. No kunne ein køyre
ferjefritt på bruer frå Knarvik over Flatøy til Holsenøy.
I Salhus vart ferjelemmen fjerna og kaien forfall.Nedlegginga av ferja var
ulageleg for mange som måtte krysse fjorden for å kome til
og frå arbeid. Til erstatning for ferja vart det difor, som i 1939,
oppretta ei personferje mellom Salhus og Frekhaug i korrespondanse med
rutebilane og snøggbåten frå Bergen. Betong-konstruksjonen
til ferjekaien vart nytta til feste for ei flytebryggje til denne ferjeruta. Då Nordhordlandsbrua
opna i 1995 vart både personferja over Salhusfjorden og ferjestrekket
Steinestø-Knarvik lagd ned. Då var alle dei planlagde ferjerutene
frå utgreiingane på 1930-talet borte og ein kunne køyre
ferjefritt like frå Bergen til Sogn.
Kulturminnet
I Kulturminneåret
1997 vart Salhus ferjekai valgt som Hordaland Vegvesen sitt kulturminne.
Etter omfattande istandsetjing i 1999-2000 er Salhus ferjekai no i god
stand. Den nye lemmen kjem frå den nedlagde ferjekaien på Vikanes
i Osterfjorden. Men, som heilskapleg kulturminne er heile anlegget, ikkje
berre sjølve kaien, viktig. I dag er dei oppmerka køfelta
på Salhustorget erstatta av parkerings-plassar.
|
| Men sjølve
plassen finst og minner oss om ferjetida, ei svært viktig del av
samferdslesoga på Vestlandet. Ferjekaien i Salhus er også
ein del av eit heilskapleg historisk bygningsmiljø med m.a. sjøhus,
gjestgjevari og Salhus Tricotagefabrik som er eit av dei nasjonale industriminna.
I den gamle rutebilgarasjen i Salhus restaurerer veteranklubben til Gaia
Trafikk veteranbussane til selskapet. Salhus vert i dag rekna som eit unikt
minne over utviklinga innan handel, industri og samferdsle, og Bergen kommune
har regulert heile dette miljøet til verneområde. Den før så travle
hamna i Salhus ligg no stille att etter at fjordabåtane og ferja
er borte. Likevel kan denne hamna gje oss innblikk i ein lang og spanande
samferdslehistorie. Står ein på Salhustorget i dag, kan ein
i eit blikk fange heile den lange samferdsle-utviklinga på Vestlandet.
Til høgre ligg det gamle gjestgjevariet som eit minne om den tid
folk rodde og sigla til Bergen, rett fram ligg dampskipskaien frå
1870-åra, til venstre har vi ferjekaien frå 1954 og tvers over
fjorden ligg Nordhordlandsbrua frå 1995 som siste del av dei store
bruprosjekta som no bind saman Åsane, Flatøy, Holsenøy
og Lindåshalvøya.
|


|
|
|