| |
Kjære medlem i Nordhordland Veteranbåtlag ! Året 2009 har gått unna med ekspressfart og me er igjen komne fram til den travle førjulstida. Turane i sommar gjekk greitt, men det vart uheldigvis eit driftsavbruddpå 2,5 veker då propellakslingen knakk. August vart ein roleg månad, men slik var det for dei andre veteranbåtane også. I september kom maskinistkurset i gang, med 21 påmelde. 11 av desse kom ifrå OSTER. 2010-sesongen vil bli ganske lik dei føregåande åra, med Austevollstur på 2.pinsedag, Torgdag den 12. juni og turar til Lygra og Sletta i månadsskiftet juni/juli. I Stavanger blir det Oljemessa-2010, i dagane 24. – 27. august. OSTER er blitt leiga 3 gonger til olje-messa og det blir på same måten denne gongen også ! I vinteropplaget skal OSTER få det ettersynet som må til for at den neste sesongen skal gå knirkefritt. Vel møtt ombord til trivelige dugnadsøkter i vinteropplaget og til flotte turar til sommaren ! Så vil eg ønskja dykk alle ei GOD JUL og eit RIKTIG GODT NYTTÅR med takk for året som har gått. Med venleg helsing |
Det var dekka på for 65 personar i Nordgardsløa på Frekhaug og Karstein Stene var kjøgemeister. |
• Du kan gå rett til tippedisken hos kommisjonæren, på Internett, mobilen eller på speleterminalane. Der søkjer du opp laget, og aktiverer dette som grasrotmottaker av innsatsen din. • Bruk org.nummeret: 983 395 430. Gje opp dette hos kommisjonæren, eller taste det inn om du nyttar nokon av dei elektroniske speletenestene.
|
D/S OSTER til Fjordsteam 2010Det har kome invitasjon frå Atløys Venner til OSTER om å vera med på Fjordsteam 2010 i Florø neste år. Arrangementet vil pågå i dagane 4. - 8. august og det tilsendte programmet ser interessant ut. Florø by fyller 150 år i 2010 og håpet er at D/S STAVENES skal koma dit for eiga dampmaskin. Dette vert spanande ! |
|