Restaureringa av D/S OSTER - Status og vidare planar pr. november 2003 av Tor J. Bjørgaas og Vidar Lehmann |
Statusrapport i styremøtet den 20. november 2003 a). Plateskift i vannlinja på bb.baug og frå akterste spanterom i lasterommet på bb., og akterover i 40 cm høgd inn til maskinrommet, i platas lengde. b). Sett inn ny botnventil for brannpumpe og 2 overbordsventilar, for lensing og frå avløypet frå hjelpekondensatoren. c). Lense- og brannvannsystema skal verta ferdige før avg. Mastrevik den 28. november d). El. installasjonen går for fullt, inkl. omnar, belysning, radar og lensepumpa. e). Radar, ex M/F Jondal, er på plass og skal verta driftsklar for avg. Mastrevik f). Lyskastar, ex. M/S Vaka er montert g). Rett type natthus, som er ei gåve frå Svein Mostraum, er ogso montert. h). Dørken er lagt i akterskipet og dørklegging pågår i forskipet. i). Magne Angelskår har følgt opp med priming/måling under opphaldet i Mastrevik, har har 300 dugnadstimar og fortener ein STOR applaus for dette umåteleg store arbeidet ! (...og her klappa styret for den gode mann Magne). j). Ankerspelet vart flytta 57 cm forover og damprører fekk ein meir diskret trasè, med ei sløyfe framom sb pålert. Tor Restaureringa av D/S OSTER – Status og vidare planar pr. november 2003 Siste
året har arbeidet hatt sterk framgang. Båtdekket: Det er tilkome spilebenkar, rekkepresenning, livbåtdekslar, portar/trapper på bruvingane, gelender på dekkshuset og ei omfatande oppgradering av styrehuset. Hovuddekket:
Det er sett opp panelt akterskott med originale vindauge
og teakdør, spilebenk- ar, gelender. Trappa til båtdekket
har fått messinghandre og byssa er innreidd, m.a. med ved-/kolfyrt
komfyr. Skansekledningen og rekkeportane er utbetra for korrosjon,
på fordekket er installert gjøsstang, dampwinsj og dampankerspell.
Diesel-dekksmotoren er fjerna. I
tida 7. september - 28. november har båten lege ved Mastrevik
Mek. Her er utført: Det som står att er nå i hovudsak innreiing av førsteplass-salong og to lugarar i akterkipet, ein andreplass-salong og fire lugarar i forskipet, etterklinking på hovuddekket sine ytterskott og mindre omfatande innreiingsarbeid på hovuddekk. I
november 2003 er signert kontrakt med Hardanger Fartøyvernsenter
for innreiinga av akterskipet, dit skipet går for eiga maskin
29 november. Ein har og førebudd, men ennå ikkje kontraktfesta
forskipsinnreiinga, avdi ein enno manglar finansiering for dette.
Ein vonar at dette let seg ordna i tide før innreiinga av akterskipet
er ferdig, slik at innreiinga av forskipet kan utførast i direkte
framhald av same opphaldet i Norheimsund. Å få gjort desse
to arbeida under eitt gir store innsparingar i pengar og tid. For
å greia dette, treng ein innan stutt tid nye tilsagn/tilskot
i storleiksorden kr. 1.000.000. Målet er at D/S OSTER skal vera ferdigrestaurert til sesongen 2005, og då kan presenterast i full bunad som eit representativt regionalt maritimt kulturminne. Ostereidet/Bergen
nov 2003 |